Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
sep 3

Posta av: Hans Henrik Løken
03.09.2010 14:50 

 Kva tenkjer eg på når eg skal skrive eit lite blogginnlegg før helga tek til?

Mykje går gjennom hovudet. Som at vi hadde vafler på onsdag til dømes.

Eg er glad i vafler. Dei smakte.

Like kjapt som desse vaflene glei ned i magen har klokka gått uhyggeleg fort i veka. Praktikantkullet har glimta til med lyse reportasjeidéar, og blåst liv i dei med å intervjue, redigere og kommentere.

Men sidan alt det tekniske er nytt, kan det hende vi må sitje att til det er mørkt og pusse på reportasjen vår. Ting tar tid.

Og når vi sit her på kveldane, litt slitne og utlada, er det framleis eitt ord vi har vi hovudet: Fokus.

Om eg ikkje lærer kor viktig dette ordet er innan kort tid, skal eg tatovere det på brystkassa. Ein reportasje skal vere fokusert, elles er det bare å kaste den i bøtta.

Under mi siste sak tok eg bussen ut i fylket for å sjå på den rasfarlege strekninga i Dalsfjorden. Som ein rasvand harding hadde eg mykje å snakke om med intervjuobjekta. Det mangla bare litt dårlegare vêr.

Steinmassane låg nok trykkande oppe i fjellsidene langs vegen. Men samstundes smilte sola på skyfri himmel og spegla seg i sjøen. Seinsommaridyll og ras? Noko seier meg at dette ikkje lar seg kombinera.

Likevel gjekk reportasjeturen greit. Og så lenge det er snakk om å lage ei sak om ras på radio, er det ikkje så viktig at sola skin for full maskin. Det er i hovudet bileta skal skapast.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Henrik Løken

Hei! Eg er 22 år og kjem frå eit koseleg raudt hus i Odda, Hordaland. Dei siste åra har eg vore ut or dørgluggen ein del gonger, og budd periodevis i Stavanger og Bergen. Journalistisk erfaring har eg opparbeida meg gjennom praksis i Hardanger Folkeblad (2009) og Radio Folgefonn (2010).

Her er bloggen min om ein vonleg fantastisk praksisperiode i NRK Nynorsk Mediesenter. Hjarteleg velkommen!