Søk

Praktikantblogg

jun 18

Posta av: Gunn Evy Auestad
18.06.2010 19:49 

 I dag laga eg toppsaka til NRK Sporten i Dagsrevyen. Det var eit kampreferat frå VM-kampen mellom Tyskland og Serbia som også blei vist fleire gonger på NRK2.

Sikkert mange som sluntrar unna jobben i for å sjå kampane i desse VM-tider, så skal absolutt ikkje klage over at fotball-kikking er inkludert i min arbeidsdag :)

Har aldri laga slike kampreferat før, og var litt bekymra for både begrensa tidsramme (saka skulle sendast knappe 30min etter kampen var ferdig) og engasjement i stemma (har fått beskjed av logoped om å justere det opp eit hakk når eg jobbar sport).

Hektisk blei det, men syns det var kjempegøy (!!) og veldig bra med å få tidspress-øving. Nøgd med resultatet med andre ord!! :)

Har også laga saker til morgonnytt. Som eg nemnte i førre blogginnlegg er det alpinistane si muskelbyggjing og forsking på idrettsskader som har stått på agendaen min.

NOKRE NETTSAKER:

 

 

Tags:

Kommentar

Sv: Fotball, forsking og muskelpumping

Såg to av sakene dine på morgonnytt, det var vel neppe tilfeldig at Aksel var med i begge? ;) Synd me ikkje fekk møtt kvarandre i Oslo, men tek nok ein tur igjen snart! Blir det meir sports-jobbing på deg framover, eller?

Ved Ingvil den   23.06.2010 12:02

Sv: Fotball, forsking og muskelpumping

Flink du e!! ;) ;)

Ser du e travel om dagen. Husk å rydde dagsplanen litt til når eg komme t Tigerstaden. Smask

Ved Elise Asbjørnsen den   01.07.2010 02:28

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen