Søk

Praktikantblogg

jun 11

Posta av: Gunn Evy Auestad
11.06.2010 14:48 

Fotball-VM er det store stikkordet for sendingane til NRK Sporten om dagen. Det er store forventningar knyta til dette enorme arrangementet, og i dag jublar redaksjonen over at kampane endeleg er i gong!

Men sjølv om det er mykje som skjer i Sør-Afrika, er det viktig å ikkje gløyme at det også skjer mykje anna i sportsverda.

Streiken i kommunal sektor er over, men den har skapt mykje bry for det norske symjelandslaget. Dette laga eg ei nettsak på førre veke.

Og sjølv om vintersport er ut når vi no er inne i juni månad, tyder det ikkje at alpinistane har teke sommarferie. I går var eg ute å laga ei TV-sak på korleis Svindal&Co held seg i form fram til vinteren. Skal legge ut lenkje så snart denne er publisert.

I tillegg stormar det framleis rundt Magnus Moan og Petter Tandes landslagsnekt. Laga ei sak om dette før Skiforbundet sitt styremøte torsdag denne veka.

Eg har dessutan vore på ein gigantisk idrettsskade-kongress i Oslo denne veka. 2000 kirurgar og andre fagfolk frå heile verda var samla i Oslo Spektrum for å diskutere ny forsking på dette området. Her blei det lagt fram ein rapport som samanliknar skaderisikoen i fotball og alpint, som eg har laga sak på. Den skal på i løpet av dei nærmaste dagane, når hysteriet kring VM-opninga har dempa seg litt.

I kveld skal eg slappe av med VM-opning på skjermen. Gler meg til å sjå Sør Afrika vs Mexico og Frankrike vs Uruguay! Har vore på reis i både Mexico og Uruguay, dermed har eg favorittane klare :)

Let the game begin!

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen