Folk som ikkje tek telefonen, som ikkje vil uttale seg, som vil uttale seg men som er vekkreist eller av andre grunnar ikkje har høve til å stille til intervju. Dette har eg slitt med i dag. Resultatet av ein slik dag er at ein sit igjen utan resultat å vise til. Kjempefrustrerande!! :(
Men starten på veka var iallefall god!! Filming på tysdag og redigering på onsdag. Blei godt nøgd med miniportrettet av den viljesterke taekwondoutøvaren som gjekk i onsdagssporten den 26.05 (spol fram til kl.21.36!). Kjempeheldig med blinkskotet på slutten som løfta saka fleire hakk ;)
Gårsdagen brukte eg på å lære meg meir om redigeringsprogrammet Quantel og korleis ein leitar fram råstoff frå nyheitsbyrå. Det kjem heile tida ein straum av newsfeeds frå desse byråa, så det er greit å vite korleis ein finn nåla i høystakken når det er spesielle bilete ein leitar etter.
I tillegg laga eg ei sak til nettet om korsetten og dei hudfarga trusene til tennisspelaren Venus Williams. Kommers? Eg? :)
Eg har forresten klart å komme i mål med EIN ting i dag som eg er veldig glad for: har bestilt logopedtime hjå Jorid Løvbakk! :)
Det er ei god stund sidan Jorid var og besøkte oss på loftet på Nynorsk Mediesenter, så eg er veldig spent på tilbakemeldingane denne gongen.
No skal eg heim å fiffe meg til generalprøven på ESC-finalen som går i kveld. Får besteveninna på besøk frå Trondheim, så det blir ein super start på helga! :D
I morgon går turen heim til Karmøy for å feire dåpen til tantebornet mitt, Lukas, og 30-års dagen til systera mi.
Ha ei strålande helg! :)