Søk

Praktikantblogg

mai 25

Posta av: Gunn Evy Auestad
25.05.2010 20:06 

I kveld har eg vore på Nannestad i Akershus og laga sak om eit lovande taekwondotalent. Den kjem i onsdagssporten 26.mai (i morgon).

Må innrømme at eg i utgangspunktet har liten kjennskap til kampsporten, anna enn frå Tekken3..men etter å ha vore med på ei kamptrening er eg mektig imponert over kor tøff men vakker og krevjande denne idretten er!

Sit difor igjen og lurer på kvifor ein ikkje ser meir til ein så publikumsvennleg sport i media!? I tillegg er taekwondo ein av dei ti mest utbredte idrettane i verda! Ingenting stygt om den O så heilage fotballen, men LITT kan den vike til fordel for meir variert og allsidig sportsdekning!

Eksplosivt, med harde smell og høge brøl. Har (altfor!!) mykje bra råstoff frå opptak i dag. I morgon har eg dagen til å redigere på...kill, kill, og atter KILL your darlings :-O

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen