Søk

Praktikantblogg

mai 24

Posta av: Gunn Evy Auestad
24.05.2010 11:11 

Gratulere med vel overstått 17.mai feiring! :)

Etter å ha vore heimom og feira både mor mi sin 50-års dag og 17.mai saman med familie og tanteborn, var eg tilbake på jobb i sporten igjen på tysdag førre veke.

Blei ei kortare arbeidsveke enn normalt grunna nasjonaldagen, men føler likevel at eg har fått gjort ein del på jobben!

Tysdag starta eg med å gjere research og avtalar til ei sak som etter planen skal gå i onsdagssporten denne veka. Onsdagssporten er lenger enn dei vanlege sportssendingane på fjernsyn, dermed får vi litt meir tid å boltre oss på når vi skal lage reportasjar.

Dei sakene eg har laga til no har vore frå 50sekund til 1.10 lange. Kjempeutfordrande å lage så korte saker. Då må både ord og bilete velgast med omhu, for at forteljinga blir mest mogleg effektiv!

Onsdag skulle eg jobbe TV, men saka måtte utsetjast og dermed måtte eg finne andre ting å sysle med. Med knappe seks veker til Tour de France, bestemte eg meg for å lage ei nett-sak som oppsummerte formen og skadesituasjonen til dei tre norske Tour-ryttarane: Thor Hushovd, Kurt Asle Arvesen og Edvald Boasson-Hagen.

Fekk tak i Arvesen på telefon frå Italia,som kunne fortelje frå sykkelsetet at han føler seg tipp topp og har tru på gode prestasjonar i Touren. Brukte det som inngang til saka, og fekk den på nrk.no i tillegg til sporten sine nettsider.

Kjekk dag, og morosamt å jobbe nett, sjølv om eg ikkje alltid er like begeistra for nett-programmet Polopoly... Går ofte treigt, oppstår rare, uforklarlege feil og oppgåver som burde vore enkle å utføre krevjer gjerne ein omstendeleg prosess. Men det blir vel betre med tida!

Torsdag dro eg til Nydalen for å lage TV-sak om at golfesset Suzann Pettersen har fått eigen figur i eit veldig populært TV-spel. "Tutta" sjølv spelte golf,turnering i New Jersey, så me måtte vere litt kreative for å få relevante bilete til saka. Fekk avtale med spelprodusenten om å komme til deira kontor. Dit kom også manageren til Pettersen, som då fekk teste ut TV-spelet for aller første gong. 

Syntes me løyste saka godt, sjølv om det sjølvsagt hadde vore kjekt å få med ein kommentar frå Pettersen sjølv. Saka gjekk i morgonnytt fredag 22.05.

Fredag laga eg nettsak på TV.saka om Pettersen. Lærte noko nytt då eg skulle kople TV-saka til nettartikkelen. Hadde nemleg brukt arkivbilete frå Viasat, og desse hadde vi ikkje lov til å legge ut på nett. Det var ikkje verre enn å byte desse ut med andre klipp, men greit å ha i minne i og med at sporten ofte nyttar bilete frå turneringar som er sendt på andre kanalar! 

Radio er det eg har jobba minst med så langt her i Oslo. Laga eit par saker i starten, deretter har eg dreve mest med fjernsyn og nett. Var difor eit gledeleg gjensyn med Digas på fredag, då eg laga sak til Her og Nå om Vikingskipet sin status som nasjonalanlegg. Er ikkje veldig glad i telefonlyd på intervjua, men slik må det av og til bli. 

Skal legge ut link til radio-saka i løpet av veka!

Håpar folk har hatt ei feiande flott pinsehelg. Her i Oslo har me verkeleg fått ein forsmak på sommaren med over 20 varmegrader og opphaldsvêr!

Eg har nytta langhelga til å treffe gode vener, utforske nabolaget og turgåing i Bærum. I går bakte eg eplekake og koste meg med VM-finalen i ishockey mellom Tsjekkia og Russland, som endte med velfortent siger til den Tsjekkiske Republikken

No føler eg verkeleg at eg har fått lada opp batteria igjen før jobb i morgon! :)

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen