Sportsredaksjonen på Marienlyst har sett kursen mot sommar og idrettane som høyrer denne årstida til. Difor har eg jobba mykje med friidrett, men også litt volleyball og sykling.
Første veka i eksternpraksis gjekk med til observasjon og å setje seg inn i rutinene her i redaksjonen. Men eg fekk også bidra som reporter på TV!
Den første saka eg laga handla om kombinertlandslaget som fekk ny profilert hopptrenar dagen etter at Magnus Moan og Petter Tande trakk seg for å satse på eigahand (spol fram til ca 26.45min ut i sendinga).
Sist fredag var det duka for Diamond League opning i Quatar. Noreg hadde to norske utøvarar med. Eg fekk laga førehandssaker på begge to!
Laga også nettsak på Måkestad som låg på nrk.no som promo på NRK-sendinga frå Diamond League seinare på kvelden.
Dagen i dag har gått med til å overvåke trenarsituasjonen i Hønefoss BK. Dei ventar framleis på ei godkjenning frå fotballforbundet, så det endte med ei melding til radioen.
Då bestemte eg meg for å bruke resten av dagen på å lage ei nettsak om skadesituasjonen til dei norske Tour de France ryttarane. Det er jo berre seks veker til verdas største sykkelritt går av stabelen!
Det gjeld å ver kreativ og ha idear i bakhand, for det skjer ofte at saker ein startar med etter morgonmøtet krympar inn til mindre ting. Då minnast eg strengestemmen til Tone-Lin som åtvara mot å bli oppfatta som ein gapande fuglunge som berre sit og ventar på å bli mata med oppdrag. Eller Magni si historie om tøffel-journalistar.
Eg trivst best når det er hektisk, og vil nødig bli oppfatta som tiltakslaus eller lat! Men det er ikkje alltid like lett å ha ein plan B. På nett og på radio går det greit, men på fjernsyn er terskelen høgare for kva ein vel å setje av ressursar til. Men eg trur det blir lettare etter kvart som ein har fulgt sportsnyheitene tett på. Då dukkar det opp idear til oppfølgingssaker, og eg får vonleg meir innsikt i kva som rører seg innføre ulike sportslege felt.
No skal eg ut å rusle litt i nabolaget mitt på Sagene. Vekene etter at eg flytta hit har gått så fort at eg ikkje har hatt særleg tid til å orientere meg i nærområdet. Og når gradestokken viser 20+ er det nesten ei skam å sitje inne å blogge :)
Kjem tilbake med meir om livet i ein sportsgal redaksjon!