Søk

Praktikantblogg

mai 19

Posta av: Gunn Evy Auestad
19.05.2010 06:47 

Det har gått to veker sidan eg flytta til Oslo for å starte i ekstern praksis i Sporten. Så langt har tida flydd. No byrjar eg endeleg å få inn litt kvardagsrutiner, og trivst alt i alt svært bra!

Praksisen er veldig bra, har jobba mest TV, men også litt radio og nett! Neste veke skal eg lage ein lengre reportasje til onsdagssporten. Gler meg til det!

Har ikkje vore så flink til å blogge i det siste, men skal få lagt ut dei sakene eg har laga her i Oslo seinare i dag. No må eg sluke frokosten før morgonmøtet startar! :)

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen