Søk

Praktikantblogg

apr 30

Posta av: Gunn Evy Auestad
30.04.2010 12:07 

Tida i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane er brått over. I dag har me hatt avslutning og teke avskjed med alle dei flotte folka som jobbar her. Det kjennes heilt uverkeleg at me ikkje skal starte dagen med ein kopp kaffi på morgonmøtet her lenger...

Me er alle samde om at arbeidsmiljøet her må vere heilt unikt. Maken til positiv, raus og samansveisa gjeng skal ein leite lenge etter! Så sjølv om alle gler seg til eksternpraksis så er det me tunge hjarter at me no forlet Sogn og Fjordane...

Kjem til å sakna å vakne til Fylkesnytt på klokkeradioen!

No skal eg heim å pakke og vaske før eg plantar meg på nattbussen til Oslo! Og frå og med måndag er eg på plass i rikssporten :)

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen