Søk

Praktikantblogg

apr 27

Posta av: Gunn Evy Auestad
27.04.2010 15:02 

Korleis det var å lese nyheiter på direkten?  Nerveprirrande med stor N!
Spesielt var eg redd for at eg skulle "miste" pusten undervegs, eller snuble i orda. Det gjeld å halde tunga beint i munnen - bokstaveleg talt! Eg las altfor fort, men bortsett frå det kom eg meg nokonlunde heilskinna gjennom.

Her kan du høyre debuten min som nyheitsopplesar.

(Veldig kokt i toppen på slutten der, så "skråstrek" blei av ein eller annan grunn til "slash". Engelsk er jo så cool)

Reknar ikkje med at å lese bulletengen er det første eg blir sett til å gjera når eg no byrjar i Sporten, men uansett ei kjekk erfaring å ta med seg!

Tags:

Kommentar

Sv: Nervene i høgspenn

Flinke du var :) Eg syns ikke du snakket for fort! Engelsk er dritkult :P

Ved janne den   28.04.2010 14:01

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen