Det var fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring (UKM) som gjekk av stabelen denne helga. Eg og Kristin reiste til Nordfjordeid saman med Stein, Stian og Vegar i redaksjonen for å dekke tilskipinga.
Med rekordmange innslag, blei det lange og intensive arbeidsdagar. Om lag fem hundre deltakarar skulle i løpet av helga vise fram sine talent til dommarpanelet. Sceneinnslaga blei fordelt på fire konsertar som NRK dekkja både med livestreaming på NETT-TV, nettartiklar og bilete.
Bileta på nett var det eg og Kristin som skulle stå for. Eg for att og fram mellom scena og backstage med speilrefleksen, medan Kristin tok imot og laga biletgalleri som ho la ut på nettet fortløpande. Dreamteam!:)
Eg fekk øvd meg mykje på fotografering under krevjande lysforhold, og Kristin har blitt ein kløppar i nettpubliseringsprogrammet Polopoly :) Det var ikkje berre augo som blei trøytte av all knipsinga. Eg er faktisk gongsperr i låra etter å ha sote på huk og fotografert i timesvis!
Kjekt å få vera med på ein slik happening. På kveldane samla me ein liten gjeng på hotellet, sløkte tørsten med eit par kalde pils og skravla om korleis dagen hadde gått.
Hadde håpa å få tid til å bruke spa-avdelinga på hotellet, men det blei det rett og slett ikkje tid til!
Biletgalleria frå UKM kan du sjå her (sju galleri totalt!).