Søk

Praktikantblogg

apr 12

Posta av: Gunn Evy Auestad
12.04.2010 15:11 

No håpar eg det blir høve til å lage fleire sportssaker i løpet av dei siste vekene mine her i Førde, ettersom eg treng treninga før eg skal til NRK Sporten i Oslo i mai.

Førre veke laga eg ei sak om at kvinnelaget til Jotun skulle spela kvalifiseringskampar til 1.divisjon i handball.

Sjølv om mi erfaring med sportsjournalistikk stoppar her, har eg tru på at sjangeren er veldig morosam og ikkje minst utfordrande!

Når det dreier seg om førehands- og etteromtale av sportslege arrangement, er det etter mitt syn ei stor utfordring å finne eit fokus som er meir originalt enn at ein berre vinklar på forventningar og reaksjonar. Då sit iallefall eg fort igjen med ei reprise-kjensle, og ein tanke om at "kvifor er dette viktig"?

På lik linje med nyheitsjournalistikk, bør heller ikkje sporten reduserast til ein telegramstil der ein berre gjer rede for kva som har skjedd og korleis resultatlista ser ut.

Kan ein setje hendinga/ forventningane til utøvaren inn i ein større samanheng? Skape ein original vri? Løfte fram ein detalj? Eller finst det kritikkverdige forhold som bør gravast fram?

Dette er nok lettare sagt enn gjort. Når ein jobbar med sportsstoff er det som regel korte deadlines å forholde seg til.  Men likevel trur eg det er viktig å ha ambisjonar å strekke seg etter!

Elles er dette nokre av radiosakene eg har laga den siste tida:

Kokken sine tips til eit saftig påskelam (reportasje)

Avinor bryt mållova (nyheitssak)

SNUTTAR:
Funksjonshemma kvinne slepp tvangsflytting 1
Funksjonshemma kvinne slepp tvangsflytting 2

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen