Det blei ein litt kort TV-praksis på grunn av påskehøgtida, men eg fekk iallefall laga to saker til før ferien begynte.
Den eine saka handla om ordføraren i Naustdal som no vil ha tunnel etter fleire ras på rv5 mellom Førde og Naustdal. Saka gjekk på Vestlandsrevyen 29.mars.
Den siste eg laga før påske er om den prisbelønte fotografen Oddleiv Apneseth som skal i gong med nytt fotoprosjekt.
TV-praksisen har vore heilt fantastisk. Eg har funne ut at eg trivst veldig godt med jobben som fjernsynsreporter - research og opptak så vel som redigering!
Ï tillegg har eg fått eit innblikk i kor mykje arbeid som faktisk ligg bak ein nyheitsreportasje. Å sitte i klippen er veldig lærerikt. Då finn ein raskt ut om ein manglar innklippsbilete, om det er spørsmål ein har gløymt å stille osv. Redigeringa går så utruleg mykje raskare når opptaksdelen har vore nøye planlagt og ein har hatt ein klar struktur!
Fotografane som jobbar her er utruleg flinke og rutinerte. Det er ikkje alltid like lett å vite korleis ting skal gjerast når ein er heilt fersk i reporterrolla. Då er det ein kjempefordel å ha ein dyktig fotograf å støtte seg til. Det kontinuerlege samarbeidet mellom reporter og fotograf er også ein ting eg likar veldig godt med fjernsyn.
Men no er internpraksisen inne i sin siste fase. Eg har vore gjennom internett og fjernsyn. No står radio for tur, og om tre veker skal me forlate det trygge redet vårt her i Førde. Då må me klare oss på eigne venger ute i ekstern-praksis.
Heldigvis har alle kvar sin fadder som skal følgje oss opp og sørge for at me får den erfaringa me bør få i løpet av dei to månadane. Så no om dagen er stemninga mellom oss praktikantar litt todelt: trist og litt skummelt at tida vår her i NRK Sogn og Fjordane snart er over, samstundes som me gler oss til å ta fatt på den spesialiserte praksisen..