Før helga blei det klart at Sportsredaksjonen på Marienlyst i Oslo har sagt ja til å ha meg i lære frå 1.mai!
Eg har høyrt utruleg mykje bra om sportsredaksjonen på Marienlyst, og fekk sjølv eit veldig godt inntrykk då me var på besøk der i slutten av januar. Ein fleirmedial redaksjon med fantastisk dyktige, sportsinteresserte folk og godt miljø..kva meir kan ein ønske seg av ein praksisplass?
Me fekk sjølve lov å komma med forslag til kvar me ville i ekstern-praksisen. Eg ønska meg sporten i Oslo, og er heilt i ekstase over å ha fått det som eg ville!! :D Utruleg letta og glad etter å ha gått og venta på denne avklaringa i vekevis.
Så no er eg på desperat jakt etter husvære i hovudstaden. Det er jo tross alt berre fire veker til eg skal flytte..Tips meg gjerne den som veit om eit krypinn!