Søk

Praktikantblogg

mar 26

Posta av: Gunn Evy Auestad
26.03.2010 16:24 

Den første veka i TV-praksis har gått utruleg fort! Ein litt amputert start, sidan eg ikkje fekk vere med eit team ut på tysdagen, slik ein plar gjere første dagen. I staden blei eg sjåfør for ein fotograf og reporter som måtte til flyplassen i Florø for å kaste seg på vengene til Oslo. Men det er slikt som skjer!

Eg fekk i staden vera med på å redigere ein kjempefin reportasje som gjekk på Dagsrevyen på tysdag. Kjekt å sjå korleis ein sak blir til i klipperommet.

Det er nemleg i redigeringsrommet at historia vert sydd saman. Her ein må ta livet av elsklingane sine, eller "kill your darlings" som det heiter på godt nynorsk. For når timevis med råstoff skal bli til ein reportasje på eit par minutt, er det mykje gode bilete som må vrakast. Mange tøffe val som må gjerast, og store diskusjonar mellom reporter, vaktsjef og fotograf.

Onsdagen var det heller ikkje ledige fotografar på huset, dermed brukte eg dagen til å gjera avtalar og førebu ei sak om nærbutikkane som har eventyrlege dagsomsetningar i påsken. Sogn og Fjordane er eit kronglete fylke, difor kan det vera ein jobb i seg sjølv å få alt til å stemma.

SJÅ SAKA HER

Casen eg fekk avtale med var ute på ei lita øy i Askvoll kommune. Det går ferjer over til øya, men ikkje med det eg vil kalle jamne mellomrom. Når eg og fotografen Heidi Lise reiste ut neste morgon, oppdaga eg at eg hadde misforstått avstandane, og at me ikkje kom til å rekke ferja over til Atløy. Dermed var det over ein time til neste avgang, og avtalane eg hadde gjort måtte følgjeleg utsetjast.

Veldig dumt når du har folk som har stått tidleg opp og ventar på deg på andre sida av havgapet. Og flaut. Så dagens lærepenge er at i journalistyrket er logistikken halve jobben. Og den må gjerast skikkeleg!

Men reportasje blei det. Og eg fekk god trening i det å jobbe effektivt. For ettersom me kom ein time for seint fram til opptaksstaden, hadde me knapt ein halvtime å filme på. Det gjekk heldigvis fint, sjølv om det endte med at Heidi Lise måtte hoppe inn i bilen i fart på veg tilbake til ferjekaien. Saka var klippa og klar halv fire på ettermiddagen. Godt nøgd med det :)

No har eg tre dagar att på TV før eg tar påskeferie. Då håpar eg at får reist ut og laga fleire reportasjar. Til no har eg fått stadfesta det eg trudde: at det er fjernsyn eg syns er aller kjekkast å drive med!

I kveld blir det tapas og raudvin på Pikant saman med Mari, Stian, Astrid og Ole :)

God helg!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen