Søk

Praktikantblogg

mar 22

Posta av: Gunn Evy Auestad
22.03.2010 22:34 

 Fredag ettermiddag pakka eg og Mari kamerautstyr og køyrte til Kalvåg for å dekke verdspremieren på ein tysk spelefilm som blei laga i den vesle bygda i fjor sommar. Lokalbefolkninga hadde medverka i filmen, difor var det stor ståhei då dei endeleg skulle få sjå resultatet.

Eg var reporter,medan Mari filma. TV-saka gjekk både på Vestlandsrevyen og på Norge i dag. 

Medan Mari redigerte TV-saka, laga eg ein reportasje til radio om verdspremieren. (Reportasjen startar ca 15min og 50sek ute i sendinga).

Laurdag var eg ute med Simon for å foreviga slutten på bompengeinnkrevjinga for Sunnfjordtunnelen mellom Førde og Florø.

Denne gongen skulle eg prøve meg bak kamera. Då fekk eg erfare at det ikkje er så lett å filme i regn. Det dumme regntrekket som eg måtte ha på kamera gjorde det vanskeleg å finne dei rette knappane i ein fei. Men det er nå slike utfordringar som ein må møte på før eller seinare. Og jo før, jo betre!

Det blei ei travel helg med mykje jobbing, men kva gjer vel det når jobben er så kjekk! Eg føler at eg fekk prøvd meg på veldig mange forskjellige ting, og håpar eg får høve til å dra ut på fleire slike oppdrag i internpraksisen.

No har eg hatt to veker praksis på nettet i NRK Sogn og Fjordane, og i morgon startar eg på fjernsynsdelen. Første dagen skal eg vera med eit team ut på oppdrag, for å sjå korleis dei produserer ei TV-sak frå A til Å. Det blir heilt sikkert veldig lærerikt å sjå korleis dei erfarne reporterane og fotografane arbeidar saman. Eg skal notere flittig i blokka mi! 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen