For etter turen til Aasen-tunet i februar har mykje skjedd. Faktisk så mykje at eg ikkje har hatt tid til å oppdatere bloggen min. Så skjerpings!
(Dette blei eit laaangt innlegg - sjå punktvise overskrifter for kjapt innblikk (red.anm.) )
Høgdepunkt:
- TV-sak på Vestlandsrevyen
I slutten av februar hadde me opplæring i fjernsynsproduksjon. Då fekk me testa ut korleis det er å stå både framføre og bak kamera.
Både filming, redigering og reporterrolla skulle trenast på. P2-kamera, Final Cut og kommentar-lesing..Alt dette var gresk for meg frå starten av.
Den første reportasjen laga eg saman med dei to andre TV-amatørane i kullet, Astrid og Kristin. Resultatet blei vel om lag deretter.
Den handla om feiring av Feitetysdag, og vart ikkje brukande til anna enn å utløyse latter. Men det er da ikkje lite berre det. Me hadde det iallefall utruleg kjekt medan me laga den.
Og litt må me ha lært av å lage Feitetysdag-saka. For etterpå reiste den same amatør-trioen inn til Viksdalen for å lage reportasje om ungar som gjekk på matskule i vinterferien. Og denne fekk innpass i Vestlandsrevyen!
Eit veldig stort sprang som me var veldig sjokkerte og glade over.
Sjå saka på nett-tv:www.nrk.no/nett-tv/distrikt/NDSF/verdi/124258/
Førre veke skulle me prøve oss på direkterapportering på radio, eller det ein her kallar for HF. Det går føre seg om lag slik:
Du finn ei sak, får avtale med intervjuobjekt og planlegg innslaget med programleiar.
Deretter får du ein firkanta, teknisk duppeditt festa på ryggen. Denne sendaren har ei lang antenne på toppen, og ledningar til mikrofon og høyretelefonar. Ein ser med andre ord ganske komisk ut når ein valsar rundt med HF`en.
Sjølv om dette berre var "på liksom", så kjentes det svært realistisk ut då eg stod der og fekk sekundane telt ned frå studio. "Du skal på lufta om tretti sekund...10...5...DER!"
Eg reiste bort på kjøpesenteret for å rapportera om korleis det hadde med boksalet i løpet av mammut-vekene. Der hadde eg avtale med ei av dei tilsette, og fekk i tillegg huka tak i ein kunde som jakta på mammut-kupp.
Eg var ganske heit i toppen før eg skulle på, men det gjekk iallefall brukbart og artig var det utan tvil!
Den nervepirrande opplevinga ga meirsmak, og no håpar eg at eg i løpet av praksisen kan få lov til å dra ut på ekte live-rapportering.
Sjølv om eg i denne bloggen har gitt inntrykk av at eg ikkje har eit privatliv, så hender det faktisk at befinner meg utanfor NRK sine fire vegger også.
Torsdag sist veke blei eg tante for andre gong til vesle Lukas. Det var syster mi heime på Karmøy som blei tobarnsmor, og då kunne eg ikkje dy meg: eg måtte heim og sjå pjokken. Det er tross alt ikkje kvar dag ein får seg eit nytt tanteborn!
Langt om lenge, og lenge om langt reiste eg med bussen. Heime på Karmøy var eg ikkje før seine kvelden, men det var vel verdt turen.
Det nyfødde nurket var utruleg skjønt, og Nathalie (det andre tantebornet mitt) er bestandig ein hjarteknusar. Det blei ei fredeleg helg med familien. Godt å få lade opp batteria att..
..og fullada batterier var det godt å ha når me denne veka starta i internpraksisen her på NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane. For no er det slutt på leiken.
Vonleg tyder ikkje det at me no får smaka steiken.. Forventningsfulle har me iallefall vore dei siste vekene!
For me er ferdige med første fase i praksisopplegget: opplæringa. No har me gått over til praksis, og må forholde oss til vaktsjefane og dei andre som jobbar fast her på desken.
Det er i utgangspunktet litt skummelt. Det gjeld å prestere. Produsere. Halde deadline og å ta ting på strak arm.
Men her på huset er folk så hjelpsame og blide at det går veldig greit med oss alle (trur eg!?). Og litt skummelt skal det jo vera. Journalist er ikkje rette yrkesvalet om ein vil unngå høge skuldre og hyppige andedrag.
Min turnus ser slik ut:
2 veker nett
2veker fjernsyn
4 veker radio
(eit artig ord i grunnen..."fram|peik[~pek] i litteratur, film: noko som peikar framover i handlinga og kan tene til å tolke ho i førevegen)
Sambuarane mine har reist til Roma og Oslo, og dei andre to er også vekkreist i helga, så det blir einsamt for meg dei kommande dagane. Då er det godt eg er hekta på Snømannen av Jo Nesbø 8-)
I neste blogg-innlegg skal eg fortelje litt om korleis eg opplever det å jobbe som nettvakt. (Det var frampeiket).
Men NO er det helg. Ei overtrøytt Gunn Evy seier takk for denne gong.
God helg alle saman!