Ørsta. Nynorskens vugge. Det var her, midt mellom majestetiske sunnmørsalpar og dramatiske fjordar at Ivar Aasen såg dagens lys ein sommardag for snart to hundre år sidan. Lite ana ørstaingane den gongen om at denne guten skulle endre den norske språkhistoria.
Som praktikant ved Nynorsk Mediesenter er det tradisjon å vitja Ivar Aasen-tunet. Det er eit museum og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur som ligg på sjølve gardstunet der nynorskens far vart fødd.
Nybygget, som har 10-års jubileum i juni i år, er eit moderne betongbygg som kom svært overraskande på meg. Skal nymotens arkitektur vera blikkfanget for dei som kjem til Ørsta for å lære meir om røtene til nynorsken? Eg må innrømme at eg hadde venta noko anna. Eit gammalt trehus med holete treverk og knirkande golv. Lukt av mått og tjære. Låge dører og mørke krokar. Noko i den duren. I staden var det høgreiste dører, glasveggar og stilige vinklar som møtte oss. Og lukta av varm eplepai frå kaféen.
Men etter omvisninga fekk eg litt betre sans for det nye betongbygget. Samstundes som ein må ta vare på og vidareformidle det gamle - historia - er det også viktig å fremja nynorsken som eit samtidsspråk. Nynorsken er ikkje mått-eten, knirkande eller forhistorisk. Anno 2010 er det dialektbaserte skriftspråket, som Aasen ofra heile livet sitt på å bygge opp, ei levande og flott målform som utgjer ein viktig hjørnestein i det norske demokratiet. At Aasen-tunet har fokus på både fortid, samtid og framtid er såleis ein god ting.
Så det er visst ikkje så dumt likevel, å ha dei utsletne tøflene og tobakkspipa til Aasen på utstilling i eit lyst og trendy betongbygg.

