Søk

Praktikantblogg

feb 17

Posta av: Gunn Evy Auestad
17.02.2010 08:40 

Eg laga blant anna ei sak på at skogeigarane i fylket er dårlege på å forsikra skogen sin. Denne saka kan du høyre her, og lese nettversjonen av her.

Ei anna sak handla om at bileigarane kan risikera å få bilen sin avskilta dersom dei gløymer EU-kontrollen og vert ståande i lang verkstadkø etter at fristen er gått ut. For å få situasjonane, reiste eg opp til NAF Førde og tok opp lyd frå bremsekontrollen av ein bil. I tillegg har eg laga ein enkét på slutten.

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen