Søk

Praktikantblogg

feb 9

Posta av: Gunn Evy Auestad
09.02.2010 17:45 

Det sa nettjournalist Andreas Grimsæth til oss då han i dag ga oss ei innføring i nettjournalistikkens verd - eller univers om du vil.

Etter fleire veker med terping på radioreportasje, er vi no gått over til opplæring i nettjournalisitikk, og det er mange skilnadar mellom det å jobbe med radio og med nettjournalistikk. Men for å ha fokuset klart: her vil eg snakke om plassen. Eit veldig abstrakt omgrep som er knytt til tid&rom, og som eigentleg ikkje er så veldig lett å snakke om. Men tilbake til fokus:

Radioen har klare avgrensingar med omsyn til plassen. Sendeflatene skal fyllast opp frå dag til dag, og vaktsjefane må heile tida ta beinharde avgjersler, fordi det rett og slett ikkje er plass til å ha med alt om alt og alle.

Vevens ende

Tenk deg at det same gjaldt for internett. Då hadde dei mest iherdige surfarane, til sitt store vonbrot, omsider møtt veggen (her har du snarvegen).

Og mange av oss hadde sikkert hatt godt av å møte på vevens ende av og til. Men det går altså ikkje. I journalistisk samanheng gir dette store fordelar, men boltreplassen kan også misbrukast.

Resirkulering og dumping

For det første er det ikkje uproblematisk å gjera om ei radiosak til ei nettsak. Det som er god radiojournalistikk er ikkje naudsyntvis det som gjer seg best på nettet. Struktur og/eller innhald må gjerne endrast på. Meir spissing? Anna vinkling? Ikkje eigna for nett i det heile tatt?

For det andre kan internett fort bli ein søppelplass der ein "dumpar" alt av nyhende som ein ikkje får plass til på dei andre flatene. Men skal ein lukkast med journalistikken på nettet, må ein først byrja å ta nettjournalistikken på alvor.

Dette er ein av kjepphestane til Grimsæth. Han meiner det er viktig at reine nettjournalistar er stolte av jobben sin. Og kunnskapen rundt nettjournalistikk som ein eigen "sjanger" innan dette yrket må styrkast.

Fordomsfull

Eg må ærleg innrømma at eg sjølv har fordommar mot nettjournalistikk. Eg oppfattar ofte nettsaker som overfladiske, tabloide og tykkjer dei bærer preg av publiseringspress og jaget etter å vera først ute med det siste. Men dagens føredrag har fått meg til å gå i tenkeboksen. For er det ikkje slik at også papiravisene, radioen og fjernsynet spyr ut mykje fjollete, unyansert og lettfordøyeleg?

Medan radioen kom til Noreg på 1920-talet, og fjernsynet mot slutten av 50-talet, er internett knapt 20år gamalt. Men allereie i år 2000 passerte verdsveven éin milliard nettstader. Ordet eksplosjon strekk knapt nok til for å skildra denne enorme utviklinga.

Nettjournalistikk - ein eigen sjanger?

Så kva er poenget med denne historiske digresjonen? Jo, at kanskje er internett som medium såpass ungt, at nettjournalistikken framleis er i skapingsfasen. Kanskje er nettjournalistikken misforstått og undervurdert?

Ein ting er iallefall sikkert: nettet har kome for å bli, og det har også nettjournalistikken. Den gode nettjournalistikken er det journalistane sjølve som må fremja.

Men først må eg knekke koden for kva som kjenneteiknar den. Ikkje resirkulere. Ikkje dumpe. Men sjå moglegheitene og tenke nytt. Nyheiter på nettet sine premissar.

Det får bli siste ord i dette svevande blogginnlegget, og målet for dei neste dagane med nettopplæring her på Nynorsk Mediesenter.

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen