Søk

Praktikantblogg

feb 9

Posta av: Gunn Evy Auestad
09.02.2010 15:43 

 

Det var eit fullspekka program me skulle gjennom i løpet av dei få dagane me var på vitjing i hovudstaden. Omvising på Marienlyst, TV2 og Austlandssendinga, middag med NRK FleRe og kulturelt innslag på det Norske Teater.

Særleg spanande var det å få eit innblikk i kvardagen på Marienlyst. Det va fem forventningsfulle og nyfikne jenter som møtte opp i sjølvaste kjernen til kringkastingsgiganten torsdags morgon. Litt problematisk var det å finne fram i den store labyrinten av eit bygg, men me kom oss gjennom programmet til slutt.

 

På tapetet stod omvising i dei ulike redaksjonane på huset som til dømes Dagsrevyen, Dagsnytt og Sporten, lunsj med eks-praktikantar og møte med Ingvil Bryn. Ho påpeika at oversetjing frå bokmål til nynorsk i ein hektisk kvardag kan by på utfordringar. Bryn oppfordra oss dessutan til å vera fleksible, observante og positive når me i mai skal ut i praksis.

På sporten fekk med høyre litt om korleis prosjektkomiteen til OL-sendinga har førebudd seg i over to år for at dette skal gå knirkefritt. Litt av eit forarbeid og enormt med logistikk som skal i orden for at me nordmenn skal kunne følgje med Bjørndalen&Co i jakta på gullet i Vancouver!

Praktikantane som no er i praksis i Oslo og eks-praktikantar hadde også mange gode tips og erfaringar som dei ville dele med oss. Alt i alt fekk eg inntrykk av at dei ulike redaksjonane på Marienlyst er positive til å ha oss nynorskpraktikantar i lære. Å vera tilpassingsdyktig, hardtarbeidande og gla i utfordringar ser ut til å vera viktige eigenskapar for å kome langt.

Og med litt spisse olbogar attpåtil, så kjem ein kanskje lenger enn langt?

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Gunn Evy Auestad (24)

Eg kjem frå Karmøy kommune i Rogaland, og er ein av fem heldige jenter som har fått plass i kull 12. Har ei bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i Latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. Har elles budd mykje utanlands, både i Mexico, Spania og i Argentina. Frå Buenos Aires til Førde er eit stort sprang, men "å Vestland, Vestland når eg ser deg slik..."!

Eg har journalisterfaring frå avis, både Studvest (studentavisa i Bergen) og Haugesunds Avis. Når det gjeld radio- fjernsyns- og nettjournalistikk er eg likevel ein fersking. Eg gler meg difor til seks lærerike månadar som praktikant her på Nynorsk Mediesenter!

 

 

Søk i bloggen