Dyktige førelesarar, terping på radioreportasjar og den evige jakta etter gode nyheitssaker, er det som har prega dei første vekene som nynorskpraktikant.
Me har blant anna hatt besøk av tidlegare programleiar i Her og Nå, Kari Sørbø, språkkonsulent i NRK, Jon Peder Vestad og logoped Jorid Løvbekk. Dei har gjeve oss introduksjonar i intervjuteknikk,språkbruk og stemmebruk. Medan Vestad påpeikte at me må halde oss innføre dei språklege rammene som gjeld for NRK, har logopeden bede oss om å gå utanfor den "trygge boksen" for å finne den gode radiostemma. For kva karakteriserar eigentleg «den gode radiostemma»?
Stemmebrukseksperten Henning Karlstad har ein gong sagt at "stemmen er vårt akustiske fingeravtrykk". Me har alle vår særeigne stemme som er prega av arv og miljø. Dette er vel og bra, og er med på å skapa variasjon og mangfald på eteren. Men likevel fins det visse retningslinjer for kva som er behageleg, truverdig og engasjerande å høyra på. Riktig tempo, god flyt, naturleg setningsmelodi, rett betoning og stum innpust er berre noko av det ein må hugse på..her gjeld det å ha tunga beint i munnen! Alle former for kroppslydar er dessutan like uønskja på lufta som hybelkaniner på parketten. Smatting, snøfting, humming og harking må ein med andre ord gjere seg ferdig med FØR opptak. Dette kan kanskje oppfattast som ei sjølvfølgje, men radio har ei utruleg evne til å blottlegge alle slags rare lydar som ein ikkje eingong visste sjølv at ein var i stand til å lage.
Å jobbe med radio handlar difor også i stor grad om å bli kjent med seg sjølv. Og på mange måtar også om å utfordra seg sjølv. Gå nye vegar. For min del er det spesielt engasjementet i stemma som glimrar med sitt frå ver. Instruksane eg har fått går difor på å finne fram sinnataggen i meg når eg les nyheiter, og barnehagetanta når det er snakk om meir reportasjeaktig stoff. For ei som ikkje kan fordra rollespel og som har ei naturleg monoton dialekt, kjennes dette både klamt og kunstig ut. Då gjeld det å hugse på logopeden si oppfordring om å ikkje klyve inn i den trygge boksen att. Eit tips eg har plukka opp er at høgtlesing frå boka «Svoltne krokodillar» av Roald Dahl kan vera ei god øvingsoppgåve for den som slit med innleving og engasjement.
Det aller greiaste hadde vore om radio var som matlaging. Då kunne ein berre ha googla seg fram til ei god oppskrift på radiostemme, med spesifikke mål på alle naudsynte ingrediensar. Fem desiliter flyt, åtte med tempo og tre suppeskeier engasjement, til dømes. Men dengong ei. Eg trur det nærmaste ein kjem ei oppskrift er å øve. Terping i bøtter og spann. Om att og om att, heilt til du byrjar å gå deg sjølv på nervane. Og å våga. Våga å vera ein svolten krokodille.