Dette er verdisettet som Nynorsk Mediesenter byggjer på, og som skal prega oss nynorskpraktikantar. Men kva tyder det å vera dyktig? På kva måte kan ein nynorskbrukar vera frodig, og ikkje minst framfus?
Det har snart gått ei veke sidan eg debuterte som praktikant her i Førde, og framleis er desse verdiane litt diffuse for meg. Men det rår inga tvil om at nynorsken har ei høg stjerne i NRK Sogn og Fjordane. Det er eit godt utgangspunkt for journalistspirer som vil halde på målforma si!
I dag har me arbeida med ei øvingsoppgåve i DigaS, NRK sitt redigeringsprogram for lyd. I det høve har me fem praktikantane vore rundt om i redaksjonen og intervjua nokre av dei tilsette. Resultata blei ikkje så verst, ifølgje faglærar Tone-Lin, så kan hende kan me verta dyktige nynorskjournalistar i løpet av dette praktikantkurset?
Om me blir frodige og framfuse vil også berre tida vise. Men startskotet har iallefall gått for kull 12 i Nynorsk Mediesenter, og fem ivrige jenter er på plass i eit vinterkledd Førde. Ved å lesa bloggane våre kan du følgja med oss gjennom ein seks månadar lang hestekur i journalistikk og nynorsk språkbruk.