Søk

Gry Brekke Hustveit

Bloggar: Gry Brekke Hustveit Lagt inn: 06.01.2011 11:56
Om bloggen

Eg er heilt utslått. Eg kom på jobb i den tru at eg skulle debutera på ein bulleteng, men Tone Lin pusha på, og nå fire bulletengar seinare går det litt rundt for meg.

Les heile innlegget »

I går kunne eg kasta stilongsen for fyrste gong og ønska dermed våren velkomen. Dessverre måtte stilongsen på igjen i dag, men eg er evig optimist. Forhåpentlegvis blir det litt sol her i Førde før eg reiser heim til Stavanger og NRK Rogaland om tre veker.

Les heile innlegget »

Eg var så utsliten etter ei helg med hard jobbing på UKM (Ungdomens kulturmønstring) at bloggen kjem her nå, over ei veke etterpå.

Les heile innlegget »

Livet som praktikant går i bølgjedaler, og då er det godt å ta seg ein tur heim av og til. Dessverre er det for dyrt og tidkrevjande å reisa ofte, men eg fekk meg heldigvis ein liten tur til Stavanger i helga.

Les heile innlegget »

I dag hadde eg min fyrste dag som radioreporter. Lite visste eg i natt om hendinga som skulle gjera dagen ganske spesiell.

Les heile innlegget »

Det er lenge sidan eg har gitt lyd i frå meg, men i dag kjem endeleg ei lita oppdatering på kva eg har gjort den siste tida.

Les heile innlegget »

Mesteparten av tida tenkjer me på jobb, men me har heldigvis litt fritid òg.

Les heile innlegget »

På laurdag blei eg oppringt av politiet slik at dei kunne få bekrefta at eg var i live. Reagerte nyheitsantennene min? Nei... Nyheitsteft, kor er du?

Les heile innlegget »

Livet som praktikant er krevjande. Oppturane og nedturane kjem om kvarandre, og den evige jakta etter nyheitssaker er slitsam.

Les heile innlegget »

Eg må ærleg innrømma at eg grudde meg ein heil del til denne veka her. Å laga ei ny sak kvar dag verka litt vel stress, spesielt når ein må koma med nyheitsideen sjølv.

Les heile innlegget »

Social Bookmarks
Del til:         

Gry Brekke Hustveit (Foto: Tone Lin Støfring/NRK)

Julafta 1982 sat foreldra mine mutters åleine i Sandnes i den tru at dei skulle bli foreldre, men eg ville det annleis. Ikkje før langt uti januar såg eg poenget med å kome til verda, med navlestrengen 3 gonger rundt hovudet.

Eg vaks opp på Tjelta i Sola, med dei flotte jærstrendene som nær nabo. Eg har bachelor i trompet og fjernsynsproduksjon, to utdanningar som ikkje fører til fast arbeid og ok arbeidstid, og eg er nå i ferd med å gjera dette fullkomment ved å prøva meg på eit tredje usikkert yrke, nynorskpraktikant i NRK.