Vegen fram til ei ferdig sak var omstendeleg, det tok dagar – først av alt måtte me lære oss Polopoly, publiseringsprogrammet NRK nyttar.
Programmet er for ordens skuld eit anna enn det me nyttar til å poste bloggane våre. Heldigvis er me unge og læreviljuge.
Dei siste dagane har Andreas Grimsæth, nettjournalist i NRK Natur, teke oss under vingane. Han har lært oss nettjournalistikk, og vist oss vegen mot å bli stolte nettjournalistar.
Kva har eg så lært? Jo, noko av det vil eg gjerne dele med dykk.
Ei god nettsak inneheld mange element. Eg har lært at ein gjerne kan bruke punktliste i nettsaker.
- Overskrifta: her skal ein skape ”jøss-faktoren” av typen: jøss, det kan er tenkje meg å lese meir om.
- Ingressen: gir eit løfte til lesaren og bør speile tittelen – ikkje for lang, gjerne rundt ti ord.
- Dei første fire-fem orda i brødteksten er viktige for å få med lesaren vidare. Vart du med vidare?
- Ein kan bruke feit skrift for å framheve viktige poeng i saka.
- Det er viktig å involvere lesaren. Her kan ein til dømes slenge inn avstemmingar, kommentarfelt, quiz og nettmøter.
- Å lenkje til andre saker er dessutan viktig. Ein bør helst lenkje i teksten.
- Ekstrasnacks er òg kjekt. Snacksen kan bestå av galleri, løyd og kart.
- Bilete er journalistikk! (Den tek eg til meg, bloggen kryr ikkje akkurat av bilete).

Nettopplæringa i regi av Grimsæth var handfast og slett inga tidtrøyte - det gav resultat. Øvingssaka var yr.no interessert i. Ta gjerne ein tur for å sjå om den første saka mi held mål.