Søk

Om den nynorske vegen

okt 1

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
01.10.2009 13:04 

Snøen kryp nedover fjellsidene i Sunnfjord. Vinteren har byrja festa grepet, Førdsnipa er måla kvit. Men, endå er det haust, og endå regnar det. For ei veke sidan var det nettopp kva regnet gjer med køyreforholda som var fokus i saka mi.

Geirmund (faglærar) hadde undra seg over om folk skifta ut slitte sommardekk med nye sommardekk så seint på hausten. Eg tok saka.

Mange telefonsamtalar seinare hadde eg meir kjøt på beinet - i tillegg til ein god del statistikk frå Statens vegvesen. Tala derifrå viste at mønsterdjupne er avgjerande om hausten.

Foto: Erlend Aas/Scanpix

FERSKVARE: Dekkransjen og Statens vegvesen råda folk til å bytte ut dei slitte sommardekka sine om hausten. (Foto: Erlend Aas/Scanpix).

Neste stopp var ein bilverkstad. Eg måtte forhøyre meg med bransjen og dessutan ville eg gjerne ta opp litt lyd frå eit dekkskift gjort av faglærte hender. Som utsleppsfri praktikant tok eg sykkelen til Henjumen (Geirmund) fatt. Den har eit noko høgt sete, men dug for ein ryttar utan hest, eller journalist utan førarkort.

Kunden(e) på verkstaden var ikkje så pratesalige, difor gjekk turen ut på gata dagen etter. Sjølvsagt med sykkelen som trufast følgjesven.

Saka kom på lufta. I siste liten kan ein seie, for no er det vinterdekk som er inn.

 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen