Søk

Om den nynorske vegen

sep 21

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
21.09.2009 07:31 

Med tonen frå ”Nisser og dverge” av Wergeland, stod fem nynorskpraktikantar rundt bordet og song seg fram til rett substantivbøying, medan ein livlig 1.amanuensis slo takten på bordkanten. Grammatikken skulle sitte, og dette var måten å pugge den på. Prøv gjerne sjølv:

Hankjønn og høkjønn ubestemt fleirtal
endar på –r, det er sikkert og visst.
Inkjekjønn omvendt, r-en er bannlyst,
får du med det, vert du meister til sist.

Foto: Bjørn Ivar Voll/NRK 

Jan Olav Fretland hadde teke turen for å gi oss lydhøyre praktikantar ei lyninnføring i norsk språkhistorie, referere nokre argument frå språkstriden, samt gi eit kurs i nynorsk. Etter ti reglar for ledig og god nynorsk, på 70 minutt, er me no skodde til å kaste oss ut i språkjungelen.

Av høgdepunkt frå førelesinga kan det nemnast at fjøslatin er forbode og at det er langt frå Guds åsyn til eit grisetryne – det gjeld å beherske orda som ligg i mellom. 
 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen