Søk

Om den nynorske vegen

sep 15

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
15.09.2009 18:44 

Etter eit par prøvesaker slapp me i førre veke endeleg til i den verkelege verda. Ransakinga av postlistene til Årdal kommune gav resultatet, og 10. september vart den første saka mi sendt i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Høyr saka om den livsfarlege kaien i Ofredalen her.

Foto: Simon Solheim/NRK

Det er viktig å alltid vere forberedt.

Med eit val på trappa, vart det naturleg nok òg ein del valrelaterte saker på oss nynorskpraktikantar. Torsdag tok eg turen til dagsenteret i Førde for å lodde stemninga hjå den eldre delen av befolkninga. Det var eit fint møte med to oppegåande og stødige damer. ein god drøs var det òg.

Reportasjon vart sendt på sjølvaste valdagen, og lurer du på kva som vart sagt om valkampen, kan du klikke her.

 Dei siste dagane har fleire av praktikantane komme på lufta, det er i mine auge ein flink gjeng. Eg har for min del, etter fleire saker om kyrkjevalet, vorten kalla "vår mann i sakristiet".

Tags:

Kommentar

Sv: Debut på eteren

Gratulerer med jobb Bjørn Ivar. Det var ganske rart å høre deg på eteren, men jeg synes du klarte deg bra!

Ved Ole den   16.09.2009 09:26

Sv: Debut på eteren

Takk skal du ha, Ole.

Det er ei utfordring å finne radiorøysta si, der gjenstår det litt arbeid for min del.

Ved Bjørn Ivar den   16.09.2009 09:36

Sv: Debut på eteren

Artig å høyra røysta di (herfra vil resten gå på bokmål, da ordforrådet brått tok slutt) i kortbølge-format. Flott at du tar rekkverks-problematikken ned på individ-nivå (jfr; "skal du gjere det?"). Skulle hatt flere som deg på trappene utenfor stortinget i tiden før valget. Nei, det er jammen ikke lett å snike seg unna når Austeviken står klar med mikrofonen.. Gler meg til å preike sjit med deg når me møtast att

Ved Einar-guten den   19.09.2009 15:38

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen