Søk

Om den nynorske vegen

sep 10

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
10.09.2009 16:57 

Etter ein våt fjelltur til Hafstadfjellet med Simon – ei så våt oppleving at eg ikkje kunne finne ein tørr flekk på heile meg – var planen å setje seg ned og skrive blogg. Etter ein varm dusj, og med Brennpunkt i bakgrunnen skulle det verte ein fin avslutning på tysdagskvelden.

Foto: Bjørn Ivar Voll/NRK

Utsikt mot Hafstadfjellet på ein noko finare dag.

 

Slik skulle det ikkje gå. Og no er det allereie torsdag. Sterke krefter jobba mot meg tysdag kveld, manifestert i ei ustabil nettilkopling og ein treig berbar data, mogen for utskifting. Dessutan gjorde forsøka mine på å blogge kraftige inntrykk på fjernsynssignala. Bordantenna vart ikkje glad for konkurranse om signalstyrke, og byrja å vise fram Brennpunkt i overdrevet store pikslar.

Valet mellom data og fjernsyn vart avgjort då nettilkoplinga på hybelen nok ein gong streika. Eg forbanna teknologien, eller mangelen på han, og tok journalistblokka fatt. Eg skreiv meg ut av Brennpunkt, gjennom Extra-trekninga, og inn i Bokprogrammet.

I utgangspunktet skulle denne teksten handle om dei siste dagane i tredje veka hjå NRK Nynorsk mediesenter. Me vart måndag introdusert for postlister, eller offentleg journal, om ein vil – eit nytt omgrep for min del. I korte trekk handlar det om offentlege institusjonar si plikt, i tråd med Offentleglova, om å gjere offentleg informasjon tilgjengeleg.

Og her kan ein altså finne stoff til saker. Stort sett er det ikkje noko å finne, men desse postlistene har visstnok redda mang ein journalist på ein seig dag, vert det sagt på huset.

Blant eit utval lister fann eg til slutt måndag noko interessant, og tysdagen gjekk med på å laga sjølve saka. Ferdig sak betyr å få tilbakemelding på ho av faglærarane Geirmund og Randi, samt dei andre praktikantane – noko som er svært nyttig.

Saka hadde ei ganske klar konflikt, og eigna seg difor godt som prøvesak – kanskje har ho òg potensial. 
 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen