Første dag vart me presentert for ei samanlikning mellom nynorskpraktikantar og gryterett. Denne, til dels eksotiske gryteretten, skal faglærarane og fordragshaldarar i løpet av hausten plukke fri for framande ingrediensar.
Kva som skal plukkast ut er individuelt og endå uvisst, det som er sikkert er at bokmål høyrer like mykje heime i min gryterett, som finnbiff høyrer heime i amerikansk gryte.
I går starta den språklege matlaginga, med besøk av nynorskkonsulent i NRK, lingvistikaren Jon Peder Vestad. Han gav oss oppskrifter og føreslo gode kokebøker. Matlaging er ei kunst, og sjølv om gryterett kanskje ikkje er så avansert og hipt, kan det vere vanskeleg å komponere.
Kva skal ein ha oppi den store gryta? Kan eg putte sjampinjong og pasta i viltgryta? Kan eg bruke markant "d" i ordet sidan, når eg gjer det i dialekta mi? Kan eg seie "seisten", i staden for seksten? Nei, alt går ikkje i den svarte gryta, den skal lagast med omhu og følgje oppskrifta strengt.
Eg er ein praktikant i nynorsk kokkekunst, dei viktigaste reiskapane mine er Med andre ord og Nynorskordboka. Som kokk, lagar eg mi eiga gryte. Gryterett er ikkje avansert kokkekunst, men det kan vere vanskeleg nok. Viktigast av alt er at gryteretten er folkeleg, det er jo trass alt folk me vil nå fram til.
Men sei no at gryta ikkje vart så aller verst. Kva då med presentasjonen? Set eg gryta på bordet og berre auser oppi skålene? Og kva om ho er for varm? Gryta skal ikkje vere for varm - presentasjon skal sjå og lukte bra ut. Og sjølv om gryteretten står på bordet kan ho endå plukkast fri for bokmålsingrediensar. Meir om presentasjon vert det når me får besøk av logopeden. Til dess skjerpar eg knivane og plukker ingrediensar med omhu.