Praktikantkurset har starta, og for ein som er tilbøyeleg til å ligge etter i studieprogresjonen allereie frå første forelesing er dette ei ny verd. Teori til side, her skal me få det i fingrane – men altså ikkje rett i hendene. Nye program, nye omgrep og nye folk er nær sagt vorten ei vane, og det på fjerde dagen.
Den første veka vore innhaldsrik. Skulle du vere interessert, her kjem ho i oppsummert form.
Måndag var det mjuk start med presentasjon av kurset, møte med leiar Magni og faglærarane Randi og Geirmund, samt omvisning på NRK Sogn og Fjordane. Me vart tildelt skrivebord, datamaskin og telefon på Loftet, den faste tilhaldsstaden for oss fem nynorskpraktikantar.

Mathias er ein av fem praktikantar, han er frå Nærbø.
Etter lunsj brygga det opp til storm, og det slo ei omgrepsbølgje over oss. Alle haldt seg om bord i skuta og vart ikkje skylt ut gjennom lokala til NRK då ho slo til. Bulleteng, melding, snutt, blokk, kontentum, utbrett, anslag, link, arbeidsliste, sync, jingel, oppspark, ENPS, Digas, topp, intro; jo bølgja var kraftig nok den.
Tysdag. Den andre dagen stod opplæring i NRK sitt viktigaste verktøy for tur, ENPS. Med alle sine funksjonar er dette eit omfattande og nyttig reiskap i nyheitsavviklinga.
Onsdag, og lyd var tema for dagen. Korleis ta opp lyd med handhaldt Maycom, og korleis redigere den når den er lagt inn i lydredigeringsprogrammet Digas.
Maycom og Digas vart me betre kjent med då me torsdag fekk i oppdrag å intervjue ein person på huset – resultatet vart mi første prøvesak som nynorskpraktikant. Eg er imponert over nivået på sakene som vart snekra saman av dei andre praktikantane, her er mykje potensial.
Avslutningsvis kan eg føye til eg førebels trivs svært godt i mellombels tilsetjing i Førde. Førde er ein by, den ligg inst i fjorden, klemt mellom høge fjell. Dei skal eg utforske etter kvart, om det berre kunne stoppe å regne.