Ragnhild er ein skikkeleg fadder som tek stemmebruk på alvor, og ho ordna såleis ein time hjå logoped til meg. Måndag klokka fire stod eg med tre tekstar i handa og venta på å sleppe inn til Jorid Løvbakk.
Gjensynet var hyggeleg. Jorid hadde med seg ei lita sau som eg trur var ein hund med eit flott rasenamn og eit anna namn – Ulla. Nok om det, eg var trass alt ikkje hjå logoped-Jorid for å klappe hund.
Til nyskremte og bekymra praktikantar som nett har hatt besøk av Jorid, kan eg seie at jo, radiorøysta vert betre med øving. Tek ein Jorid sine råd på alvor kan det gå rett så bra. Timen på måndag var i alle fall svært nyttig. Og nyheitsrøysta var visst bra ho.
No gjeld det berre å halde røysta ved like og hugse på dei gode råda.