Søk

Om den nynorske vegen

jan 26

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
26.01.2010 14:35 

- "No er det jobbstrekk, alle saman!"

Slik startar som oftast det som endar med djupe pust, spenning og avslapping og armstrekk. Ei handfull folk deltek som regel i aktiviteten framfor kaffiautomaten, staden der folk møtes. Det gjer igjen at om ein ikkje er særleg dyktig eller framfus, kan jobbstrekken bli eit småpinleg utstillingsvindauge. Men jammen gjer det godt!

Og det var godt med avspente skuldre då eg skulle på HF for første gong i storbyen. Erik Solheim hadde kalla gode krefter til møte for å drøfte kva som bør vere den langsiktige satsinga til Noreg i Haiti. HF-rapporten gjekk 11:30 i Alltid Nyheter.

Etter halvanna time på gangen utanfor kontoret til miljø- og utviklingsministeren var det høve til å høyre korleis møtet hadde gått. Ny HF-rapport, denne gongen som "live on tape"

Forresten så gler eg meg til torsdag, for då kjem kull 12 på vitjing. Det vert kjekt å sjå dei sårt sakna faglærarane Randi og Tone Lin igjen. Sports-Geirmund ser eg jo stundom i NYDI-kantina, i lag med alle dei nye sports(idiot?)venene sine.

Fredag er det duka for boller og brus, trur eg. Det har i alle fall vore slik tre fredagar på rad.

 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen