Søk

Om den nynorske vegen

jan 8

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
08.01.2010 14:59 

Eg tek trikken til jobb, og brukar ikkje lenger to minutt frå senga til desken. Men trikketuren på rundt ein halv time brukar eg på å høyre på nyhender, så turen er slett ikkje berre tidtrøyte.

Første veka er på hell. Etter ein mjuk førstedag, vart eg kasta ut i på djupare vatn. Det viste seg at eg flaut, og resultatet av ei veke er fire sakar og eit bidrag til ei anna:

 

Dei to siste kan du høyre måndag morgon på P1 og Alltid Nyheter:

  • Telefonstorm hjå Norges astma- og allergiforbund
  • Astmatikarar slit i kulda

God helg!

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen