Søk

Om den nynorske vegen

des 14

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
14.12.2009 15:00 

Det er ei stund sidan sist bloggen min vart oppdatert. Kan hende har nokon merka det. Ei som i alle fall har merka det er ho Magni. I krasse e-postar har ho tydeleg gitt uttrykk for kva ho meiner om late bloggarar, som til dømes meg. Dessverre utan synlege resultat, fram til no. For no sit eg her, og knastar på tastaturet etter ein inspirerande dag med Kari Hesthamar på loftet.
 

Ulikt ei nyhendesak er denne bloggen utan eitt tydeleg fokus. Difor vil eg gjerne skrive litt om kva som inspirerte meg i dag. Tema for dagen var radiodokumentaren. Upløgd mark for min del, sjølv om eg har høyrt eit par – og delar av endå eit par.


 

Det eg tek med meg frå dagen i dag er innblikk i ei anna radioverd. Samt gode innspel til intervjuteknikk, dramaturgi og lysten til å prøve ut denne til no ukjende sjangeren. Ikkje minst fekk eg endå ei kjensle av at det verkeleg er journalist eg vil bli. Ein inspirert nynorskpraktikant er ferdig for dagen.


 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen