Søk

Om den nynorske vegen

nov 2

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
02.11.2009 14:29 

Det er ikkje lenger penger i tradisjonell drift av fotobutikk. Difor har Høyanger-fotograf Arve Ullebø starta opp ei nisjeverksemd med vekt på rein luksus. Eg tok turen til industribygda for å finne meir ut om både Arve Ullebø, tidlegare og nye prosjekt.

Høgfrekvent vart det på onsdag då arkitektfirma Xform presenterte ein 3D-modell av Førde. Tanken er no at ein kan laste ned programmet og legge til og fjerne ønska, eller uønska elemneter i bybilete. Det som eit ledd i å gjere arkitektur og byplanlegging til ei folkeleg sak. På sett og vis demokrati i praksis.

Med HF'en (High Frequency, radiosendar) på skuldera tok eg turen bort i Førdehuset for å rapportere om "avdukinga" i føremiddagssendinga.

Veka vart avslutta med ei sak om budsjettsprekk i eininga hels og born i Førde kommune. Saka vil eg følgje opp denne veka.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen