Søk

Om den nynorske vegen

okt 26

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
26.10.2009 19:54 

Førde spelte kvalifiseringskamp om opprykk til 2. divisjon på laurdag. Der var eg, med meg hadde eg fotoapparat, P2-kamera og mobil. Kampen skulle verte dokumentert.

Sjølv om eg følte meg "på", fekk eg ikkje skutt nokon av måla. Førde tok leiinga, før eg hadde fått sett telelinsa på kamera, etter 48 sekund!  Det var ein del av lærdommen om at idrettsarrangement er vanskelege å knipse/filme. 

 

Erfaringa er vel at det er vanskeleg å få både fullgode stillsbilete og video. Det handlar om prioriteringar, fekk eg høyre i dag då eg leste inn kommentaren til nettsaka. Prioritere gjorde eg på eit vis, prioriterte både STK til Vestlandsrevyen og bilete til nettet

 

Førde vann 2-1 over Birkebeineren frå Drammen. Med det rykka dei opp ein divisjon, noko som gav grunn til feiring med champagne i garderoben

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen