Ni sauer skulle bergast med helikopter i Stryn, to og ein halv time unna Førde. Difor var det berre å hive seg rundt skulle me få fange hendinga.
Alt me hadde var eit telefonnummer til ein av helikopterpilotane og eit stadsnamn. I tillegg til god tid til å gledegrue seg på vegen. Me pakka, etter råd, meir varme klede enn me trudde me fekk bruk for. Me skulle trass alt til fjells.
Under vegs fekk me beskjed om å ta stillsbilete til nettet, sende mms-bilete og rapportere direkte i føremiddagssendinga. Saka fekk med eit fleire bein og gå på.

Og slik vart det. Simon sendte bilete med den splitter nye iPhonen og stod for det meste av filminga. Eg fekk rapportere om redningsaksjonen to gonger på direkten. Det var slett ikkje så skummelt, kanskje fordi eg nytta mobilen som mikrofon.
Sjekk ut den dramatiske sauesankinga:
Mest av alt vart det venting denne dagen. Det gjekk ni timar frå sauesankinga starta til redningsmennene var nede igjen. Ein kostbar og svært slitsom aksjon for bøndene. Difor skal eg ikkje dvele med at to nynorskpraktikantar var ganske køyrde etter ein innhaldsrik dag.
Forresten. Ja, eg fekk køyre helikopter. Kjekt.