- Du er klar om ti sekund?
- Ja, eg er klar om ti, svarar eg.
Det er Geirmund som spør, han sit i studio. Etter omtrent ti sekund høyrer eg røysta hans i headsettet:
- Svineinfluensa spreiar seg og har råke fleire grisebuskapar i landet. Det er folk som er årsaka til smitten og Mattilsynet har no endra strategien for å hindre vidare smitte. På Mo og Jølster vidaregåande skule tek dei trusselen på alvor. Og der er du, reporter Bjørn Ivar Voll.
- Ja, det stemmer...
Eg er på, eg er på direkten. Eg skildrar, fortel, stiller spørsmål og får svar. Fleire spørsmål, fleire svar. Til slutt ei oppsummering, så attende til studio. Eg er ferdig.
Det er gjort, den første direktesendinga er unnagjort. Denne gongen var det berre ei øving, men eg er klar for meir. Det gav nemleg meirsmak.
Om HF-rapporteringa berre var ei øving, verka ho ekte nok. Dessutan har eg fått råstoff til å jobbe vidare med på torsdag - då skal me få eit kjærkomme møte med radioøvingar att.