
RASK GANGE: Portørane er som Duracell-kaniner, dei berre går og går.
Med Simon på kamera og underteikna som reporter fekk me onsdag heng på ein av sjukehusportørane i Førde. Det vart det fjernsynssak av. Ei mjuk, men hektisk sak til Vestlandsrevyen fredag 9. oktober.
Hektisk fordi me skulle henge på portør, Øystein Tefre, ute på oppdrag. Han er vand med å gå, det er jobben hans. Gjennomsnittleg går portørane mellom 12 000 og 15 000 skritt kvar dag, det vert meir enn eit maratonløp i veka.
Me såg nok ut som to kleggar i forsøket på å henge på. Simon som ville ha dei beste bileta, og eg som prøvde å ikkje stikke meg fram på dei same bileta. Eg vart betre kjent med både ryggen til Simon og kjellaren på sjukehuset.
Saka kan du sjå på NRK Nett -TV.