Søk

Om den nynorske vegen

okt 11

Posta av: Bjørn Ivar Austevik Voll
11.10.2009 12:09 

Torsdag fekk eg prøve meg som fotograf. Utrysta med P2-kamera, stativ, mikrofonar, støvlar og regnjakke, tok Mathias og meg turen til Øvre Lavikdal. Me ville sjå nærare på eit litt annleis framkomstmiddel.

For i Øvre Lavikdal er einaste vegen stengt, då må bebuarane komme seg til og frå på anna vis.

Me tok turen for å finne ut om prammen flaut, og for å høyre med passasjerane kva dei synst om denne lekteren med brakke på – på det som kanskje vart siste pramtur på ei stund.

For no er det førebels slutt for prammen i Øvre Lavikdal, Sjøfartsdirektoratet meiner den ikkje er fullgod for passasjertransport.

STØDIG FARTØY: Slik ser han ut, prammen.
 

At det er travelt å vere fotograf fann eg ut med det same me kom fram. Prammen skulle dekkast frå alle moglege vinklar, situasjonar skulle fangast, blendaren vere rett innstilt – elles kunne bileta bli utbrente. Regntrekket til kamera måtte på, stativet stå i vater, finne rett utsnitt, samt komme seg med prammen då han la frå kai.

Våte og slitne vendte me nasen heimover mot Førde. Komla på Pikant smakte ekstra godt denne dagen.

Fredag gjekk med på redigering. Etter ei lang økt siste dagen i veka, var helga kjærkommen. Saka finn du på NRK nett-TV.

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Har du innspel til kva eg kan skrive meir om, eller innspel til det som er skrive? Bruk kommentarfeltet og ta gjerne kontakt på mail: bjorn.ivar.voll@nrk.no

 

Bjørn Ivar Voll

Hei, eg heiter Bjørn Ivar Austevik Voll og her skal eg som nynorskpraktikant få boltre meg.

Du kan gjennom bloggen følgje meg gjennom opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter.

Nettopp på denne staden kan du sjå korleis ein 24-åring med utdanning frå NTNU Dragvoll innan historie og statsvitskap, og erfaring frå friviljuge verv, skal bli reindyrka nynorskbrukande journalist.

 

Saker på lufta

Her kan du høyre alle sakene som er sendt.

 

Søk i bloggen