Søk

Lingvist skal bli journalist

jun 30

Posta av: Astrid Marie Grov
30.06.2010 16:01 

... det er kake igjen (deLillos - i fall nokon trur eg har blitt bokmåling).

Eg har levert den siste saka mi som nynorskpraktikant.

Det er rart å tenkje på at eg no er journalist. Men eg kjenner meg budd - og har lova meg sjølv at eg skal ta alle utfordringar som måtte kome.

På ein måte er journalistlivet spesielt. Det er definitivt ikkje noko for forknytte og sjenerte jenter som ser ned i golvet og helst ikkje vil synst. Og eg trur mange jenter har litt av den greia der - at dei har så stor sjølvsensur at dei ikkje torer å kaste seg inn i ting. Og det kan eg seie til alle som kjenner seg treft av denne kommentaren - Nynorsk mediesenter er den beste skulen ein kan gå for å få mindre av slikt. Eg seier "få mindre", fordi eg meiner det er sunt med ein viss grad av sjølvsensur, og at litt for lite jamt er verre enn litt for mykje.

Men ut frå eiga røynsle kan eg seie at det hjelper med vilje - "bevernylonvilje" som Kari Bremnes (og Magni) ville kalla det. Då får ein til det meste - òg mindre sjølvsensur.

No skal eg takke for meg her på bloggen og på Nynorsk mediesenter - men heldigvis ikkje i Dagsnytt. Eg trivst verkeleg veldig godt her, og gler meg til framhaldet!

Til slutt: tusen takk til alle som har hjelpt meg med gode råd på den fyrste delen av den journalistiske reisa mi.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Astrid Marie Grov

Eg er 25 år, og kjem frå Hovin i Telemark. Denne våren skal eg prøve meg som nynorskpraktikant. Frå før er eg m.a. språkvitar og studentmållagsaktivist. Nynorsk har eg såleis vore ganske mykje borti. Journalistikk er det derimot litt verre med. På denne bloggen kan du fylgje med meg på den fyrste delen av den journalistiske reisa mi.

Søk i bloggen