For tida held eg til i reportergruppa i Dagsnytt. Her er det fritt fram for idéar, og det er gøy! Eg har verkeleg kome inn i journalistmodus, og prøver å tenkjer over potensielle saker både titt og ofte. Det er jo så mykje som ligg der ute, det gjeld berre å finne det! Eg er svært mottakeleg for tips, berre så det er sagt!
Som praktikant får eg nok litt lenger tid på å løyse oppgåver enn dei andre reportarane, så på den måten er kvardagen heilt annleis enn i Førde. Men eg skal ein tur til på desken før eg er ferdig i praksis, slik at eg får drilla meg på tempotrening. På måndag skal eg vere med og dekkje dommen i Lommemann-saka, og det skal bli veldig lærerikt.
Dei er veldig flinke til å gje meg tilbakemelding på det eg gjer her, så eg har lært veldig mykje dei siste vekene!