Søk

Lingvist skal bli journalist

mai 25

Posta av: Astrid Marie Grov
25.05.2010 10:18 

No har eg nett starta på den fjerde veka mi her i Dagsnytt, og så langt har det vore ei svært positiv oppleving. Eg har blitt teken godt imot frå fyrste dag, og har fått jobbe med mykje spennande. Læringskurva er bratt, og eg trivst godt med variasjonen mellom å jobbe dagsaktuelt på desken og meir langsiktig med eigne idéar i reportasjegruppa.

Du tenkjer kanskje at nyhende er noko einsarta, men den korte tida i Dagsnytt har eg verkeleg fått oppleve at det ikkje stemmer. Eg har arbeidd med alt frå reportasje om nordmenn sine sexvanar, til kronprinsesse Victoria, så jobben blir på ingen måte kjedeleg! Nett som i Førde er den store snakkisen eit tema i redaksjonen, så det gjeld å finne det som folk er opptekne av her og no. Eg tek imot alle tips med takk!

Hovudstaden har òg synt seg frå si beste side sidan me kom, så velkomsten har vore varm på fleire måtar!

Eg skal få lagt ut sakene mine seinare denne veka.

PS. Og eg har aldri før gått ein skule der eg har fått praktisk bruk for absolutt ALT eg har lært. Men ein gong må bli den fyrste - og Nynorsk mediesenter er verkeleg det perfekte utgangspunktet for å jobbe andre plassar i NRK. Det var dagens reklame til dei fem nye.

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Astrid Marie Grov

Eg er 25 år, og kjem frå Hovin i Telemark. Denne våren skal eg prøve meg som nynorskpraktikant. Frå før er eg m.a. språkvitar og studentmållagsaktivist. Nynorsk har eg såleis vore ganske mykje borti. Journalistikk er det derimot litt verre med. På denne bloggen kan du fylgje med meg på den fyrste delen av den journalistiske reisa mi.

Søk i bloggen