Søk

Lingvist skal bli journalist

apr 26

Posta av: Astrid Marie Grov
26.04.2010 08:59 

4 månader i NRK Sogn og Fjordane er snart over. Eg trur det må vere dei mest produktive månadane i livet mitt, så langt.

Dei to siste vekene har eg vore på nettet, og det har vore veldig lærerikt. Eg har arbeidd ein del med meldingar, litt med reportasjar, og sjølvsagt laga nettsaker av desse. Det har vore gøy å arbeide multimedialt, og eg synst eg har fått større forståing for samspelet mellom nett og radio.

Noko av det eg har sett stor pris på her i Førde, er at me har fått prøvt oss på ulike ting. Eg trur det er ein enorm fordel når ein skal ut i andre redaksjonar.

Denne veka skal eg vere på radio att, og det blir fint å få litt oppvarming før eg skal til Dagsnytt. Det blir spennande å kome i ein rein nyheitsredaksjon, og eg gler meg veldig!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Astrid Marie Grov

Eg er 25 år, og kjem frå Hovin i Telemark. Denne våren skal eg prøve meg som nynorskpraktikant. Frå før er eg m.a. språkvitar og studentmållagsaktivist. Nynorsk har eg såleis vore ganske mykje borti. Journalistikk er det derimot litt verre med. På denne bloggen kan du fylgje med meg på den fyrste delen av den journalistiske reisa mi.

Søk i bloggen