Søk

Lingvist skal bli journalist

mar 22

Posta av: Astrid Marie Grov
22.03.2010 14:45 

No har eg nett starta på den tredje veka i radiopraksis, og tida flyg som berre det!

Om fredagen var eg ute på ekte HF (direktesending), og det var kjempemoro å få prøve seg. Norsk Countrytreff sleppte programmet for sommaren på Rica Sunnfjord Hotell, og der var eg.

Sjølve HFen synst eg eigentleg gjekk fint, og eg var overraskande lite nervøs. Litt verre var det at eg gjorde to feil i samband med seansen. Det eine var at eg i introen hadde skrive at countrytreffet finn stad i august, og ikkje juli (som det eigentleg gjer). Dette førte til at NRK Sogn og Fjordane fekk nokre telefonar frå countryglade lyttarar, gitt... Heldigvis fekk eg retta det opp andre gongen eg var inne, men det var ganske flaut. Den andre feilen skjedde andre gongen eg var inne. Eg skrudde nemleg av HFen for tidleg, så då Birger i studio spela ballen tilbake til meg mot slutten, var eg borte...

Men, men, ein lærer så lengje ein lever, og eg lærte òg viktige ting av dette som eg kan ta med meg vidare. Nedanfor ligg heile seansen, i tillegg til ein reportasje eg laga av materialet etterpå.

I dag har me hatt Sonja Skeistrand, utanriksjournalist i TV2, på besøk. Ho fortalde mykje spennande om livet som utanriksjournalist, og eg må seie det verka forlokkande...

 

Nokre nye saker:

Countrytreff direkte 1     

Countrytreff direkte 2

Reportasje frå direktesending

Elevar protesterer mot nye fråværsreglar

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Astrid Marie Grov

Eg er 25 år, og kjem frå Hovin i Telemark. Denne våren skal eg prøve meg som nynorskpraktikant. Frå før er eg m.a. språkvitar og studentmållagsaktivist. Nynorsk har eg såleis vore ganske mykje borti. Journalistikk er det derimot litt verre med. På denne bloggen kan du fylgje med meg på den fyrste delen av den journalistiske reisa mi.

Søk i bloggen