Fyrste veka på desken er forbi, og no veit eg kva det vil seie å jobbe som ekte journalist og kjenne tidpresset.
Heile forrige veke var ei kjempefin (men slitsam!) oppleving, men det aller artigaste var å få reise til Nordfjordeid og dekkje skulemusikal. Elevane var så flinke og entusiastiske, og eg fekk verkeleg trene meg på å byggje opp ein reportasje kring ei indre konflikt. Men noko av det beste var at oppdraget gav meg viktig og konstruktiv lærdom som eg må bruke for å forbetre meg frametter. Det eine er at eg ikkje må ende opp med overeksponert lyd, slik eg gjorde denne gongen, og det andre er at eg må jobbe raskare i redigeringa. Kanskje løysinga er å vere meir selektiv og målretta i intervjusituasjonen? Dette skal eg øve meg på denne veka.
"Den mätta dagen, den är aldrig störst.
Den bästa dagen är en dag av törst.
Nog finns det mål och mening i vår färd -
men det är vägen, som är mödan värd", skreiv Karin Boye.
Så sant, så sant.