Her på mediesenteret handlar mykje om å utfordre seg sjølv. I dag har me vore ute og øvd på direkterapportering for radio, og då må eg innrømme pulsen steig nokre hakk, trass at det eigentleg ikkje var alvor denne gongen.
Åstaden min var Førde Hotell, og intervjuobjekta var telepensjonistane (tidlegare arbeidd i Televerket) i Sogn og Fjordane. Eg kunne ikkje vald betre, for pensjonistane var heilt topp og hadde mykje å fortelje, så det var eit takknemleg HF-oppdrag. Likevel var eg som vanleg nervøs, og då eg tok av meg hovudtelefonane etter utført oppdrag, var eg sprengraud i andletet. Dette framkalte forståeleg nok spontan latter i forsamlinga.
Trass at eg idiotisk nok utførte båe intervjua ståande på kne, og i tillegg sprengde tidsskjemaet med to minutt(!), gjekk det ikkje så aller verst.
Så no veit eg ikkje om eg skal gle meg eller grue meg til den dagen eg eventuelt skal ut for alvor. Eg satsar på å grue meg, for då kan eg gle meg etterpå.