Ein ting eg har tenkt mykje på her i Førde, er kor enkle me menneske på mange måtar er. Me liker at ting skal gå fint i hop som eit lite puslespel inne i hovuda våre, slik at me slepp å sjå ting frå så veldig mange sider, iallfall på ein gong.
Radio er eit typisk døme på dette, kanskje spesielt fordi me sjeldan sit i ro og høyrer på. På radio er det såleis svært viktig å presentere ein historie på ein gong. Den neste historien, som gjerne høyrer til den same saka, må ein vente til neste gong med å fortelje. Og då kan det hende den lyttaren som var med i den fyrste saka, har forsvunne. Denne erkjenninga har nærast vore ei "smerteleg" oppleving for meg, på fleire måtar. Fyrst og fremst fordi eg ikkje er vant til å arbeide på denne måten. Men òg fordi eg har innsett at det er dette som funkar best, same kor mykje den statlege allmennkringkastaren går inn for å gjere folk meir opplyste.
Eg kan klage over at folk ikkje vil skjøne at samanfallet mellom kj og skj er ein type språkleg endring som har skjedd i alle samfunn til alle tider. Men samtidig veit eg at eg liker skiljet mellom ja-mat og nei-mat, og at eg helst vil ha heilt konkrete prinsipp eg kan bruke for å oppdra dei eventuelle ungane eg får i framtida.
Er samfunnet kanskje litt for komplisert for oss, då? Og kva skal radioen si rolle vere i eit komplisert samfunn der folk ønskjer enkle svar?
Eg trur me må passe på at me presenterer mange ulike historier. Og så får me berre krysse fingrane og håpe at folk høyrer ofte på oss, slik at dei får med seg alle historiene. Og så får me satse på at bitane blir kokte i hop der dei kjem...
Kanskje eg skulle satse på Barnetimen? Dei sit iallfall stilt og høyrer på...