Dette var tittelen på ei bok eg hadde på pensum ein gong. Og denne veka har eg innsett at det ikkje ser ut til at eg hugsar så mykje frå det emnet...
Den fyrste "skikkelege" øvingsreportasjen min skulle handle om sal av varmedressar i kulda. Fyrste del av prosjektet gjekk såleis ut på å gå rundt i Førde sentrum og leite etter folk i varmedress. Faktisk gjekk jakta ganske fint, og eg fekk ganske fort auge på ein i varmedress på gata nokre meter framom meg. Og i journalistikken gjeld det som kjent å smi medan jarnet er varmt, og resultatet er dermed meg småspringande etter mannen i varmedress (sjå det levande for deg). Og jau då - eg fekk eit intervju med mannen om saka.
Etterpå måtte eg finne forhandlarar som sel varmedressar for å få dei til å fortelje om salet. Dette viste seg så vanskeleg (eller eg viste meg så udugeleg til å overtale), at eg såg meg nøydd til å utvide saka til å gjelde ullunderty og varme klede. Etter litt om og men fekk eg tak i ein seljar som sa seg villig til å stille opp på eit lite intervju. Men fleire enn henne greidde eg ikkje å få overtalt, så eg måtte ein smule slukøyra gå attende til "loftet" med det eg hadde.
For å toppe det heile fann eg, då eg kom inn att, ut at eg hadde halde Maycomen for langt unna mannen under intervjuet ute, så mykje av dette var ubrukeleg....
Resultatet vart ganske lite råstoff, og eg måtte difor blokke heftig for å nå den tilmålte lengda på tre minutt. Men det vart då ein reportasje til slutt.
Måndag skal eg ut i Førde sentrum igjen for å hente stoff til neste reportasje. Då blir det ein ny leksjon i "Konsten att övertyga". Og denne gongen SKAL det gå betre.
Framhald fylgjer (men kanskje ikkje i neste nummer).